Mitt kulturliv - Jon Peder Vestad

Foto: Arild J. Waagbø

Jon Peder Vestad er fødd i 1963, voks opp i Gausdal og Molde og er utdanna journalist og norskfilolog. Etter mange år som lektor i mediespråk ved Høgskulen i Volda, flytta han heim og opna Molde antikvariat og ymseri i 2017.

1. Hvilken artist, låt eller plate har betydd mest for deg? Fortell gjerne hva du hører mest på nå om dagen.

Det må vere Wish you were here med Pink Floyd frå 1975. Så vakkert, så sårt! Eg liker å ha det stille rundt meg og hører nesten aldri på musikk. Eg har Beatles, Pink Floyd, Jan Garbarek og andre inni meg, det held.

2. Hvilken bok har betydd mest for deg, og hva leser du nå om dagen?

Da eg gjekk på Molde v.s., las eg antkrigsromanen Kvinnen og den svarte fuglen av Nini Roll-Anker. Da vart eg overbevist om at eg skulle nekte militæret, som ikkjevaldstilhengjar - pasifist var eg ikkje. Eg var på politikammeret og fekk alle dei "ekle" spørsmåla militærnektarar fekk da. Eg fekk siviltjeneste.
Eg les fleire bøker og mange. Akkurat no les eg bl.a. ein underhaldningsroman om May Iverson, journalist i NY (på norsk i 1923), ein krim av finsk -norske- Eva Krantz og ei bok om norsk skule historie. Neste veke les eg noko heilt anna.

3. Beste film eller serie?

Seriar ser eg sjeldan, men eg har fått med meg serien om svenskekongen som hadde eit hemmeleg, honoseksuelt liv. Dagsrevyen og Norge Rundt er dei "seriane" eg ser oftast, attåt “Med hjartet på rette staden”.

4. Er det noe spesielt du ser frem til i Moldeområdet i tiden som kommer?

Eg håper at alle som kjem til Molde-området synest det er pent og triveleg her. Kanskje dei får fiska litt au? Og som alle andre patriotar håper eg besøket på muséa våre, på jazzfestivalen, kyrkje arrangementa og den flotte naturen vår, blir godt.

5. Hvor går du helst når du spiser ute?

Eg et nesten aldri ute, til det er det for dyrt. Dessutan er det jo omtrent uråd å få ete vanleg, norsk mat her i byen. Eg kan ikkje betale rundt 300 kroner for ein middag! Men det eg anbefaler andre, der dei kan ete god mat på kveldstid, er desse, og berre desse: Kina-restauranten, Milano, kebabrestauranten på Bussholdeplassen og sjølvsagt Guru. Ingen andre.

6. Har du noen favorittur du vil anbefale i nærområdet?

Ta ferja til Furneset/Vestnes! Det er eit mini-cruise som det er lett å glømme av. Atlanterhavsvegen er sjølvsagt, men hugs å kjøre att og fram eit par gongar - vegen er berre på åtte kilometer, og far no endeleg om Bud og et god mat på ein av dei tre plassane der. Hugs kyststien i Bud og på Farstad! Til sist:Dagstur til Ona og for oss lokalkjente - tur opp i Rødalen opp frå Malme/Moa og Grøndalen ved Kleive/Istad.

7. Favorittreisemål? Uansett hvor i verden.

Eg har hatt reising som hobby i livet, og har vore i nærmare femti land. Det mest spesielle reisemålet var Grønland, der eg var i byane Sisimiut og Illulisat pluss fiskevær. Fantastisk natur, og så stille! Men au - så forsøpla og forfylla. Det var både fantastisk og fælt på ein gong. Island har eg besøkt mange gongar og besøkt store delar av. Dit kunne eg reist kvart einaste år resten av mitt liv, om eg hadde hatt råd. Island kan ikkje forklarast! Andre land? Eg set pris på Tsjekkia og Kroatia, er fascinert av det eg har sett av India, Estland er støtt bra, og Luxembourg og Slovenia reiser eg gjerne tilbake til.

8. Hva er det beste med å bo i Molde?

For meg er det beste - eller heller trivelegaste - at eg kan helse på og prate med gamle og nye kjenningar i byen. Sia eg opnaMolde antikvariat og ymseri for over sju år sia, har eg fått kundar eg kjenner att, faste gjester og folk i andre butikkar som kjenner meg att. Eg flytta frå byen i 1982 og hadde aldri trudd eg skulle bu her att. Men noko over tretti år seinare skjedde det, og her blir eg. I Oslo sakna eg fjorden, i Volda fjorden med god avstand til fjella. Det var jo andre saker som gjorde at eg flytta heim, som ansvar for mor mi. Det å kunne ta vare på ei god, gammal mor, er viktig.
Elles: Eit pluss med Molde er at det skjer så mykje her.

9. Hva er det verste med å bo i Molde?

Det er vel ikkje berre i Molde enn andre stader? Men greitt, det irriterer meg at det er omtrent uråd å ete vanleg middag - les "kortreist tradisjonsmat" i Molde til greie prisar. Hamburgar-plassar i Molde?! Upassande og kjedelege, og eg besøker dei ikkje.
Greie prisar er -ikkje- over 200 kr. Eg kvir meg for å be ut folk i denne byen, kjedeleg og overpris som maten er. Dette er ikkje Oslo!

10. Hvilke anbefalinger har du for kommende helg?

Helgene i Molde er ofte rolege, men det skjer meir enn mange veit av. Eg ville ha sjekka om det er konsertar på Brygga (alt i alt neste uteplassen i byen attåt Fuzzy), eller besøkt Fuzzy platebar (med eller utan konsert eller dans). Dette er dei garantert beste utestadene i Molde, Brygga er "brun" og Fuzzy ikkje. Triveleg er det båe stader! Ta ferja til Sekken, ta med fiskestang!; ta mini-cruise med ferja til Furneset/Vestnes; besøk Fiskerimuseet på Hjertøy eller Romsdalsmuseet; gå berre rundt.

Har du lyst å være gjest i mitt kulturliv? Trykk her.

Forrige
Forrige

Klart for ny Rabalderfestival

Neste
Neste

Ukas tur - Heggdalshornet