Mitt kulturliv - Anne Bondal

Foto: Privat.

Anne Bondal fra Fyresdal bor og arbeider i Molde.

1. Hvilken artist, låt eller plate har betydd mest for deg? Fortell gjerne hva du hører mest på nå om dagen.

Som liten har alltid Rihanna vore ein stor favoritt, og det er ho framleis. Nå om dagen går det mykje Coldplay då eg skal på konsert med desse i sommer. Elles så er eg glad i alt frå Hans Zimmer, Vassendgutane og Chris Brown. Likar å tru at eg er open for det meste.

2. Hvilken bok har betydd mest for deg, og hva leser du nå om dagen?

Det var nok Hunger Games-trilogoen som kickstarta min leseglede. Men for tiden så les eg mykje Smart Thinking bøkar, eksempelvis “Surrounded by idiots” av Thomas Erikson og “Think again” av Adam Grant syns eg er to veldig gode bøkar.

3. Beste film eller serie?

Vanskeleg spørsmål... Eg har ei liste med faste filmar som eg må sjå årleg, og skal eg velje frå denne lista så er nok favorittane Spirit the Stallion (fantastisk musikk av Bryan Adams) og The Dark Knight trilogien (intet mindre fantastisk musikk av Hans Zimmer). Av serie så er favoritten The Office US.

4. Er det noe spesielt du ser frem til i Moldeområdet i tiden som kommer?

Ettersom eg er relativt ny i byen så ser eg veldig fram til Moldejazz. Eg flytta hit etter fjorårets festival og har høyrd mykje bra om veke 29 i Molde. Gledar meg veldig! Ellers så ser eg også veldig fram til at MFK skal spele kvalifiseringsrunde i Europa.

5. Hvor går du helst når du spiser ute?

Personleg så er eg veldig glad i Glass, men nå som O'learys opnar så er det ingen tvil om at eg har planar om å dra med meg gjengen hit. Det er lite som slår ein matbit, pils og fotball på tven.

6. Har du noen favorittur du vil anbefale i nærområdet?

Eg er veldig glad i Tusenårsvarden. Enkelt å få til ein tur dit på ein elles travel kvardag.

7. Favorittreisemål? Uansett hvor i verden.

Sør Frankrike syns eg er fantastisk, spesifikt er nok Villefranche-sur-Mer den finaste plassen eg har vore. Også har London ein spesiell plass i hjartet mitt. Nydeleg by spør du meg.

8. Hva er det beste med å bo i Molde?

Her er det mykje å velje mellom! Men noko av det eg set mest pris på er nok at eg rekk så mykje forskjellig på ein dag. Eg flytta frå London i august, og då brukte eg mange timar på å reise frå a til b kvar einaste dag. Her i Molde brukar eg ikkje eit minutt på å gå til jobb ein gang, det nyt eg verkeleg. Samt så må eg skryte av alle dei nydelege folka som bur i byen. Eg er nok litt ueinig i det utsagnet om at Moldensaren er inneslutta og lukka, sjølv syns eg Moldensaren er heilt topp.

9. Hva er det verste med å bo i Molde?

Med tanke på at eg er frå Fyresdal i Vest-Telemark må vel det verste vere at det er heilt forferdeleg langt heim..

10. Hvilke anbefalinger har du for helga?

Til fredag er det grand opening av O'learys og eg dør litt fordi eg skal heim til telemark og får ikkje blitt med.

Har du lyst å være gjest i mitt kulturliv? Trykk her.

Forrige
Forrige

Kunstsenterets nye leder på plass

Neste
Neste

Mitt kulturliv - Jan Ingar Pedersen