Mitt kulturliv - Anne Marit Riste

Foto: Privat.

Anne Marit Riste er prest og skribent og bor i Molde.

1. Hvilken artist, låt eller plate har betydd mest for deg? Fortell gjerne hva du hører mest på nå om dagen.

Eg vaks opp med allsidig musikalsk påverknad og er open for mykje. Eit frynsegode i arbeidet mitt er at eg får høyre mykje flott orgelmusikk. Klangfestivalen i Vågøy kyrkje i august kvart år er ei av gledene ved å bu her. Ein fin miks av kyrkjemusikk, folkemusikk og jazz. Miks er etter mitt hjarte.

2. Hvilken bok har betydd mest for deg, og hva leser du nå om dagen?

Umuleg å rangere. Kva bøker betyr for meg har mykje med timing å gjere – kva som passar å lese der eg er i livet. I vår har eg lese mange sjølvbiografiske oppvekstromanar, mellom anna trilogien til Thomas Korsgaard. Akkurat no held eg på med den siste boka til den katolske kardinalen Anders Arborelius. Hverdagsmystikk, heiter den.

3. Beste film eller serie?

Eg ser stort sett film på kino. Gjerne dokumentarar. Fedrelandet og Sau er store opplevingar den seinare tida.

4. Er det noe spesielt du ser frem til i Moldeområdet i tiden som kommer?

Meir sol og sommar. Lokale bær på Torget i lange tider. (Eg burde sikkert seie Jazzen?) Bjørnsonfestivalen. Og så ser eg fram til at Jordmor på jorda blir teater.

5. Hvor går du helst når du spiser ute?

Guru – heilt klart. Vi er kjempeheldige som har ein så god indisk restaurant i Molde.

6. Har du noen favorittur du vil anbefale i nærområdet?

Svartnakken er ein fin kvardagstur etter jobb. Bratt start som får opp blodpumpa, fine skogsstiar og flott utsikt både innover fjorden og utover mot øyane og Hustadvika. Utasundsferga er også ein favoritt. Gratis cruise i eit område eg aldri blir lei av.

7. Favorittreisemål? Uansett hvor i verden.

Eg var student på Færøyane ein sommar – dit vil eg gjerne tilbake. Elles er eg nysgjerrig på Baltikum og har lyst til å utforske dei landa meir.

8. Hva er det beste med å bo i Molde?

Det er veldig mykje som er bra med å bu i Molde. Vi har verdas finaste utsikt. I det heile tatt vakker natur - og fjell å utforske eit heilt liv. Bjørnsonfestivalen, Plassen, Molde antikvariat og ymseri, lesesirkelen eg er med i… Og trivelege folk. Moldensarane har ufortent dårleg rykte. Eg bur her på femte året og har planer om å bli.

9. Hva er det verste med å bo i Molde?

Baksida på Budstikka. Den treng eg å bla fort over.

10. Hvilke anbefalinger har du for helga?

I ei kyrkje nær deg kan du kvar søndag oppleve levande musikk av høg kvalitet, delta i felles sang, få eitt og anna å tenkje på, og møte kjente og ukjente folk. Kanskje får du til og med kaffi på kjøpet. Og alt dette er heilt gratis. Det er mi beste helgeanbefaling.

Har du lyst å være gjest i mitt kulturliv? Trykk her.

Forrige
Forrige

Et kjapt blikk på festivalens første dag

Neste
Neste

Det var en gang et jazzhotell