Mitt kulturliv: Webjørn Svendsen Espeland

Foto: Privat

Kjem frå Bø i Telemark, verdas beste plass for badeglade, journalist/reporter i NRK Alltid Romsdal.

1. Hvilken artist låt eller plate har betydd mest for deg? Fortell gjerne hva du hører mest på nå om dagen:

I åra som forma var det Bowie (især Hunky Dory og Ziggy), og seinare har det vore Dylan (særleg 70-talet). Også Cash da, alltid Johnny Cash. For tida er eg veldig glad i Becks musikalske gjennoppståing på 90-årskonserten til Willy Nelson, «Hands on the Wheel» (frå 1975): «At a time when the world seems to be
spinning hopelessly out of control».

2. Hvilken bok har betydd mest for deg, og hva leser du nå om dagen?

Pappa tilrådde meg på gymnaset «Tre kamerater» av Erich Maria Remarque, og har lest den kvart tiår sidan. Eit trekløver som på 1920-talet i Berlin slår i hel håplausheita med drekking, sjekking og å trimme ein bil for å køyre skiten ut av vordande nazi-rikingar i blanke Mercedesar. No koser eg meg igjen med «Uskrevne memoarer» av Dag Solstad, samt les P2-vinnaren «Signaler», ein slags lettversjon av Fosse/Vesaas – og «The rare metals war» av Guillaume Pitron.

3. Beste film eller serie?

«Gudfaren 2» og «Sopranos» er best. Ser for tida småville «Agenten» på NRK, om ein sprø forgjengar i norsk media – og ser gjennom IMDBs topp 100 filmar. Siste vekene har det blitt «12 Angry Men», «Psycho», «The Prestige», «The Usual Supspects» og «Django» – alle skyhøg underhaldning.

4. Er det noe spesielt du ser frem til i Moldeområdet i tiden som kommer?

Gleder meg alt til neste «Pingpong og poesi», fritidsklubb med finkultur. Og så Bjørnson-festivalen da. Vår litterære Øya-festival.

5. Hvor går du helst når du spiser ute?

Spreidd innom alle dei gode alternativa langs postkortvakre Sjøfronten, særleg ved utevêr. Pizzaen på ferjekaia, thai på Smile, susji på Zuuma, fisk på Köl og blåskjell på Glass.

6. Har du noen favorittur du vil anbefale i nærområdet?

Alt. Er veldig glad i Ystetind. Og Høgheia. Og viddestemninga rundt «Tjønnan».

7. Favorittreisemål? Uansett hvor i verden.

Telemark: Sommarland i Bø, skauen i Drangedal, Hardangervidda og Tuddal. Slikt som Japan, Liverpool og Italia er greie andreval.

8. Hva er det beste med å bo i Molde?

F-ane: Fjella, Fjorden og Fuzzy. Så er det vel inga småby i verda som gjer så mykje godt ut av seg som Molde: Tre festivalar i verdsklasse (Jazz, Bjørnson og Rabalder), europacupfotball (insh allah), ikonisk skianlegg, eigen brus, strålande teater, konsertar osv osv.

9. Hva er det verste med å bo i Molde?

Langt til Telemark. Burde ha direkte togbane dit. Manglar også eit enormt utandørs badeland her.

10. Hvem vil du utfordre i Mitt kulturliv?

Min favorittkanon (både laus og skarpladd), Erik Hattrem.


Vi synes det ville være hyggelig om også du som leser vil være med i “Mitt kulturliv”. Du må gjerne svare på spørsmålene i denne linken.

Forrige
Forrige

Musikk-Norge minnes Terje Venaas

Neste
Neste

Mitt kulturliv: Bjørn Ove Sæther