Teater gjer augneblink evige!

Kristian Strømskag, teatersjef - Teatret Vårt. Foto: Teatret Vårt.

Vi bruker å kalle teater for augneblinkens kunst. Det er riktig. Teater høyrer augneblinken til. Opplevinga er forgjengeleg. Ei framsyning blir skapt i no-et, og oppstår og blir levande i møtet mellom publikum og aktørane på scena. Ingen attforteljing bringer dei same augneblinkane tilbake. Vi kan ikkje fange latteren, gråten, tanken eller kjensla med ord for ettertida. Kunsten blir ikkje fanga med skildringar. Likevel skjer det noko meir. Når vi forlèt salen, beheld vi ein klang i sinnet og hjartet. Augneblink som blir evige.

Dei siste åra har inneheldt mange store og små augneblink på Teatret Vårt – både for oss som har laga framsyningane og for publikum. Vi har tilbydd eit rikt og allsidig program, både når det gjeld innhald og tematikk, og ulik form og bruk av teaterspråket. Summen av alle framsyningane er eit variert tilbod som har fått unge, vaksne og eldre i teatret. Vi har spelt i alle delar av fylket og hatt besøk av både vante teatergjengarar og heilt nytt publikum.

 Teatret Vårt er eit lite teater i Noreg. Vi er eit lite teater i eit lite fylke. Det kjem vi framleis til å vere. Samstundes er vi eit stort, lite teater. Vi strekkjer oss. Vi strekkjer oss langt for å lage dei beste framsyningane. Eit regionteater som vårt skal utvikle seg for å nå sine høge ambisjonar. «Det som var den bärande bjälken i Teatret Vårt var en stark tro på att den bästa teatern kan göras var som helst. Inte bara i Oslo men också i Molde», Henning Mankell om tida på Teatret Vårt.

På mange måtar må vi arbeide som eit «nasjonalteater» for vår region, ganske enkelt fordi vi er det einaste teaterhuset i distriktet vårt. Vi bør vise eit tverrsnitt av kva som rører seg i teaterkunsten i dag; vi bør spele ny norsk dramatikk og klassikarar tolka i vår tid. Det skaper rørsle framover og held forankringa bakover. I botn ligg dei gode historiene som teatret alltid har brukt som utgangspunkt. Teatret Vårt skal jobbe med tekstar og tematikk som vil seie noko til oss som lever i dag.

Dernest kjem ansvaret vi har til regionen vår – til heile Møre og Romsdal. Det er eit oppdrag som ikkje berre handlar om å reise mest mogleg rundt i fylket eller trekke eit stadig større publikum. Det er òg eit ansvar som har overskrifta tilhøyrsel. Vi leitar aktivt etter tematikk og historier frå området vårt. Samarbeid nordover og sørover i fylket er ein viktig prioritet. Vi jobbar på tvers av fogderi og veldig gjerne med kunstnarar som har tilknyting til regionen. Arbeidet vårt skal vere relevant for dei som bur her. Teatret Vårt skal lage det spesifikke for Møre og Romsdal.

Då har vi desse tre ledetrådane; kvalitet, gode historier og tilhøyrsel. Gjennom arbeidet med å lage framsyningar som oppfyller desse ambisjonane oppstår og gjenoppstår grunngjevinga for å ha eit regionteater i Møre og Romsdal. Og over desse enkle, men store krava ligg det viktigaste av alt saman: Vi må spele teater, lage framsyningar slik at det betyr noko for publikum. Det er det siste og viktigaste kravet.

Eg trur Teatret Vårt har kraft og mot til å løyse desse oppgåvene framover. På huset vårt har vi kunstnarar og teaterarbeidarar som er nokre av dei mest dedikerte og dyktigaste i landet. Vi lovar at vi skal levere godt og endå betre teater til publikum.

Dei neste åra skal vi halde fram med å utforske og utvide kva teater kan vere i form, estetikk og spelestil, og i tematikk, innhald og historier. Vi skal lage dei nye historiene, og dei skal vere unike for Møre og Romsdal. Kvar ny framsyning er ei eineståande oppleving, ei moglegheit for felles utvikling som med teaterets magiske kraft kan vare lenger enn vi trudde.

Teater tilbyr ei anna verd enn røyndommen utanfor. Sanne teaterframsyningar skaper felles opplevingar og samtidig svingingar i den einskilde sitt sinn. Teater er nærvær og fellesskap. Og det er augneblinkens kunst. Framsyningane blir tilbakelagde minne, men nokre av augneblinkane kan vi framleis bere med oss saman.

 

Kristian Lykkeslet Strømskag, teatersjef - Teatret Vårt

 

Forrige
Forrige

Premiererush på Molde kino

Neste
Neste

Mitt kulturliv - Ingrid Kruse Fevåg