Teatret Vårt heidra for bruk av nynorsk
Molde Mållag har tildelt Teatret Vårt utmerkinga Heider og ære for året 2024 for deira innsats for nynorsk i scenekunsten. Prisen vart delt ut av leiar for Molde Mållag, Åse Marie Longva, som understreka at teatret har gjort ein viktig innsats for å fremje nynorsk og dialekt i sine framsyningar.
Det er teatret sjølve som skriver dette i ei pressemelding torsdag ettermiddag. Teatret Vårt har blitt lagt merke til av Molde Mållag for å ha «sluppe laus nynorske forfattarar» som scenemateriale i fjor haust, og for aktivt å nytte nynorsk i si formidling av teaterkunsten. Longva påpeika òg at det krevst eit sterkt lagarbeid for å skape gode teateropplevingar, og at Teatret Vårt har mange dyktige tilsette som saman bidreg til eit rikt scenekunstmiljø i byen og fylket.
Teatret Vårt har i år valt å bruke nynorsk og dialekt i fleire teaterframsyningar, noko Molde Mållag ser som eit viktig bidrag til å løfte nynorsk i kulturfeltet. Dei trekkjer spesielt fram framsyningane Jordmor på jorda, Kongen av Veyø, Tonje Glimmerdal og musikalen Eg har ikkje ord, som er under utvikling. Desse produksjonane syner kor godt nynorsk litteratur eignar seg for scenekunsten og har skapt sterke teateropplevingar for eit breitt publikum.
Frå venstre: Peder Lofnes Hauge leiar i Noregs Mållag, teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag og Åse Marie Longva leiar Molde Mållag
Foto: Teatret Vårt.
Teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag tok imot prisen på vegner av Teatret Vårt.
- Eg er stolt og glad, ogsvært veldig takksam. Heider og ære for måten teatret har jobba med nynorsk på scena, er ein stor inspirasjon for å halde fram med dette arbeidet.
- Vi er eit regionteater for heile Møre og Romsdal, og nynorsk er ein viktig identitet for fylket og oss som bur her. Teatret Vårt skal vere ein del av identiteten til folk, og nynorsk og dialektar er kven vi er. Vi er og skal vere eit nynorskteater. At dette blir lagt merke til gjer oss stolte og takksame.
Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, var òg til stades under overrekkinga og heldt ei lita tale. Han viste til Jon Fosse sitt utsegn om at teater på sitt beste er den sterkaste kunstforma. Hauge understreka kor viktig det er at innbyggjarane får sjå språket sitt òg på teaterscena, og han oppmoda Teatret Vårt til å halde fram med og vidareutvikle bruken av nynorsk som scenespråk.
Under utdelinga fekk Teatret Vårt med seg nokre gode ord, ein diplom, blomar og ei gåve som symbol på anerkjenninga.
Teksten er hentet fra teatrets egen pressemelding.