Tilbake til alle arrangementer
Bli med på lansering av Arne Ruset si nye diktsamling "Reisa til mjuk"!
Forfattaren les og samtaler med sonen Endre Ruset og kollega og venen Kjell Erik Strømskag, det blir musikalske innslag med Hallvar Djupvik, boksalg og signering.
"Forutan å skildre gode og mindre gode opplevingar i barndom og oppvekst, handlar desse dikta om å bli råka av ein alvorleg kreftsjukdom i godt vaksen alder. Reisa gjennom sjukdomslandskapet byr på både smerte og sorg, men også på mykje lys og håp", seier Arne Ruset om den nye boka si.
Arrangeres av Bjørnsonfestivalen.