På mange lørdager i oddetallsuker er det gratis jazzkafe i Kafe Kurt på Plassen. Her vil du stort sett kunne høre lokale musikere.
Passim speler variert musikk med sentrum i jazz og med mange lange trådar inn i sjangrane som grensar til. Bandet er grenselaus i val av låtar og kan ta føre seg alt frå pop og rock til standardlåtar i jazzen. “Latin jazz”, funk. blues og soul, ballader, jazzifisert og “passimisert”, det vil seie gjenkjennelege låtar fritt tolka og omarrangert. Etter kvart har også eigenkomponerte låtar komme til og blitt ein større og større del av repertoaret, her også med stor variasjon i uttrykk. Eit par låtar også med nordmørsk og personleg tekst av vokalist Guro.
Denne ambisjonen om eit variert uttrykk låg også bak då namnet Passim vart valt. Det er latin og betyr “litt her og litt der”.
Besetning:
Guro Hoem – song
Oscar Toft – tangentar
Olav Harnes – gitar
Tommy Hattrem – bass
Geir Egil Svinnset – trommer
Fri entre.