Jorun Marie Kvernberg er folkemusikaren og komponisten som stadig trør nye stigar både i eigne og andre sine musikalske landskap. Inspirasjonen finn ho i alt frå natur, historie, lyrikk, hjå medmusikarar og i ulike musikkformer og -tradisjonar.
Hovudverket i konserten er «Valfart». Det er komponert til dikt frå Kjartan Fløgstad si debut-diktsamling med same tittel. Denne kom ut i 1968 då forfattaren var berre 24 år gamal. Kvernberg har i dei tre satsane leika seg med dikta sine historier, kor Fløgstad mellom anna målar fram sju matrosar som døyr under stjernene i ei kald isøyde i nord. Vidare skriv han om å puste ut mellom dei mørke granene i den svale sommarkvelden, og verket ender i ein fest kor både musikken og orda gir seg hen til den siste dagen, til døden, til livet og til naturen sitt krinslaup.
NyNorsk Messingkvintett er eit ensemble med høgt nivå og stor arbeidskapasitet. På under ti år har dei urframført heile 62 nye verk frå mange ulike komponistar, og slik har dei også verkeleg bidratt stort til ei utvikling og eit mangfald i komponistmiljøet i Noreg. I 2021 vart NyNorsk Messingkvintett kåra til «Årets utøver» av Norsk Komponistforening, og dei har gitt ut fleire kritikarroste album på renommerte LAWO Classics. Samstundes som dei har føtene godt planta i kunstmusikken, er dei modige og opne for å leike seg i mange slags uttrykk, både musikalsk og scenisk. Dette har resultert i samarbeid med mellom anna humorist Knut Nærum, stjernesongarar som Frank Havrøy og Tora Augestad, bandonionekspert Per Arne Glorvigen og mange fleire. I sitt musikalske møte med Kvernberg som både komponist og utøvar tek ensemblet utfordringane på ståande fot, og med stor iver og interesse: – Skeive blåtonar, folkemusikalske rytmer og ornament finn si nye form i blenkjande messing!
Felespelar, folkesongar og komponist Jorun Marie Kvernberg sjølv er godt kjend av mange musikkinteresserte i distriktet generelt, og folkemusikkinteresserte nasjonalt. Ho har arbeidd som frilans folkemusikar og komponist på heiltid sidan fullførte folkemusikkstudium ved Norges Musikkhøgskole i 2004. Den sterke formidlingsevna hennar blir ofte trekt fram hjå publikum, og ho har vunne mange nye hjarte til folkemusikksjangeren, mellom anna gjennom sitt arbeid med det prisløna ensemblet Majorstuen. Kvernberg har fått Edvardprisen for sitt arbeid som komponist, og to Spellemannprisar.
For tida er ho veldig interessert i å finne ut korleis ho kan finne nye måtar å la folkemusikken møte kunstmusikken på. I musikkhistoria generelt har folkemusikken ofte blitt brukt som ein ingrediens eller eit krydder kor kunstmusikken likevel har dominert uttrykket. Kvernberg vil snu opp ned på dette konseptet, og legge folkemusikken som fundament i komposisjonar kor kunstmusikken er gjest. Ho er også fascinert over korleis tradisjonar for mellom anna virtuositet og formidlingmåtar kan utvekslast mellom dei to sjangrane, og slik dra nytte av styrkene i dei to musikkuttrykka.
Utøvarar:
Jorun Marie Kvernberg: komponist, fele, hardingfele, folkesong
Nynorsk Messingkvintett:
Jørgen Arnesen (trompet), Mats Johnsen (trompet), Marie Solum Gran (horn), Ingebjørg Bruket (trombone), Berger Iver Færder (tuba).
Konserten er støtta av Norsk Kulturråd
Billetter finner du her.