Nå serverer Tante (Torbjørg Haugen) historier frå eit langt liv som «drivstoffansvarleg» for toppidrettsfolk. Opptil 230 dagar i året på reisefot i lag med Petter Northug, Terese Johaug, Erling Braut Haaland og skiskyttarlandslaget fører med seg mest like mange gode historier.
Mat er svært viktig for alle, men for idrettsfolk er det heilt avgjerande. Tante har gjennom 30 år vore ein viktig del av utviklinga av toppidrettskulturen. Det vart sett ein ny standard for korleis løparane skulle få i seg nok mat, nok energi. Erfaringa og resultata gjorde at andre fatta interesse for denne sida av toppidretten. Dette fekk Ole Gunnar Solskjær til å ta ein telefon til Tante. Han var nettopp blitt trenar for Molde, og fotballspelarar var ikkje kjent for å vera nøye med kosthaldet. Tante fekk 11 år i Molde. Dei første åra var Ole Gunnar trenar, resten av tida Erling Moe.
Billetter finner du her.